Parkeringsordning Alti Førde

3 timer gratis på nordbygget, deretter kr.20 pr.time

1 time på sørbygget, deretter kr.20 pr.time


DETTE TRENG DU VITE

Frå måndag 20. juni vil den nye betalingsordninga bli teke i bruk ved ALTI Førde. Det er gratis parkering i tre timar ved nordbygget, medan det er ein time gratis ved sørbygget. Viss du skal stå lenger enn dette gjeld ordninga som er omtalt under:

Her følgjer ei oversikt over korleis du kan betale ved ALTI Førde i framtida. Ved alle innkøyringane til handelssenteret er det montert opp spesialkamera som gjenkjenner skiltnummeret på bilen din. Dermed er du registrert ved innkøyring. Skal du stå parkert lenger enn dei tidene vi har registrert overfor som gratis, så kan du velje å betale på følgjande måte:

1: På automat

Viss du har stått parkert lenger enn avtalt tid, kan du betale på automaten. Desse parkeringsautomatane står utanfor inngangen til Spar/Apotek 1 på sørbygget, i heiskjellaren på Alti Nord samt ein automat ved Tilbords-butikken ute i andre etasje på nordbygget . Følg bruksanvisninga på automaten: Tast inn skiltnummeret, og betal anten kontant eller med kort. Då har du betalt og kan køyre ut.

2: Med mobil

Last ned appen APCOA FLOW. Denne finn du anten i App Store eller Google Play. Viss du registrerer deg og veljer automatisk trekk i appen, så treng du ikkje tenke på betaling kvar gang du køyrer inn og ut. Kortet ditt blir nemleg trekt for den tida du har stått parkert kvar gang skiltnummeret ditt blir registrert og «gratistida» er over.

Du kan bruke denne appen, APCOA Flow, både med og utan profil. Dette betyr følgjande:

Utan brukarprofil: Opne opp appen, og velg «Søk på registeringsnummer». Då kan du leggje inn skiltnummeret ditt og følge instruksjonane på skjermen. Du kan også motta kvittering på epost.

Med brukarprofil: Du kan lage din eigen profil, og appen lagrar dine detaljar. Då kan du nytte eindel ekstra og nyttige funksjonar. Då kan du til dømes søke etter ubetalte rekningar, betalte parkeringar, registrere fleire køyretøy, lagre fleire betalingskort, kople kort mot firmabil eller legge inn automatisk trekk.

3: Betaling med faktura.

Viss det ikkje er registrert noko betaling på skiltnummeret ditt innan 48 timar etter at parkeringa er over, vil ein faktura bli sendt til eigaren av køyretøyet. Dette er sjølvsagt ikkje ei parkeringsbot, men eit krav om ubetalt rekning. Den vil vere på den faktiske parkeringstida med dei satsane som gjeld, samt eit fakturagebyr på kroner 59,-.

Parkeringssatsen utover tre timar på ALTI Nord og ein time ved sørbygget, er frå 20. juni bestemt å vere 20 kroner per time. Faktureringsgebyret er 59 kroner. Parkeringsordninga gjeld også for dei tilrettelagte parkeringsplassane på senteret.