Klikk og hent

Du hente vara sjølv på Din Sport sine lokal i Førde når du bestiller på din-sport.no. Da legg du igjen ein merknad om dette i eit eige felt kalla «Merknad til bestillinga». Dette vil ein kunne gjere i det ein bekreftar bestillinga i nettbutikken. Alternativt kan ein ta kontakt på e-post eller telefon. Ein vil då få refundert eventuelle fraktkostnadar.

Velkommen til Din Sport på Alti Førde

Din Sport AS starta i 1987 som ein fullsortiments sportsbutikk. Butikken er bygd opp frå grunnen av entusiastiske medarbeidarar og er i dag veletablert i marknaden med mange gode merke og leverandørar.

Frå slutten av 90-talet har vi stått som importør og distributør av fleire gode fjell- og friluftsprodukt. I dag står vi som importør av Ferrino, Ternua, Mund og Tahe Marine, med eit produktutval innan telt, sekkar, soveposar og tilbehør, Gore-Tex-klede, sokkar og kajakkar.

Vi har levert utstyr i over 20 år både lokalt og nasjonalt, til alt frå lag, skular og ekspedisjonar til lokale friluftselskande kunder. I dei seinare åra har vi levert utstyr til m.a. Pål Anders Ullevålseter og Cecilie Skog. Vi er klar for deg – det beste er godt nok – og vi har det!

Vi har stort utval i Ferrino-produkt, ta kontakt. Klatretau, klatreselar, kalkposar, tauposar, klatrehjelm, søkestenger, snøspadar, gamasjar, turstavar, hodelykter, drikkeflasker, termos, pc-flasker, bestikk, gassbrennar, turhandklede, reisetoalettvesker, liggeunderlag, rumpetasker, H2O drikkeposar, vasstette baggar, kartmapper.

Merke

Klede: Marmot, Ferrino, Craft, Umbro, Reebook, Rôhnich, Devold.
Sko: Merell, Mizuno, Reebook, Umbro, Alfa, Crispi, Scarpa.
Ski: Nordica, Blizzard, Atomic, Scott, Åsnes, Fisher.
Syklar frå Scott.

Åpningstider