Velkommen til IB Rekneskap AS på Alti Førde

- din lokale regnskapsførar.

Vi er eit autorisert rekneskapskontor med høg kompetanse innan dei fleste bedriftsøkonomiske område som rekneskap, lønn, fakturering, budsjettering og årsoppgjør. Vi bistår små og mellomstore føretak, og organisasjonar med rekneskap og økonomisk rådgivning dagleg. For oss er det viktig at alle kundar føler seg godt ivareteken i ei hyggeleg atmosfære.

Basert på brei røynsle og fagleg bakgrunn leverer vi tenester av fagleg høg kvalitet til konkurransedyktige prisar. Gjennom mange år som rekneskapsmedarbeiderar har våre ansatte tileigna seg høg kompetanse innan dei ulike fagområda. Vi fokuserer stadig på å følgja med i den teknologiske utviklinga i bransjen, og kan tilby gode løysingar for deg og føretaket ditt.

Måla våre er å kvalitetssikre tenestene våre slik at du kan konsentrera deg om kjerneverksemda di. Oppgåva vår er å konsultere, rå til, åtvare, informere og oppretthalde føretaket si bokføring i skjønnaste orden.

Åpningstider

Kategori