OPENT I DAG: 10-19

1. Er det miljøvennleg å handle lokalt?

Når du handler lokalt, sparer du lange og unødvendige bilturar. Det er bra for miljøet

2. Lokal handel er sosialt!

Ein handletur lokalt kan òg vera ei positiv oppleving i møte med kjentfolk, ein hyggeleg prat og møteplassar for oss til å møtast.

3. Få personleg service og vara med ein gong

Dei tilsette på den lokale butikken din eller tenestebedrift vil yta litt ekstra for kundane sine, og møter deg gjerne med personleg omsorg. Du kan raskt få hjelp om du treng å byta, har ein reklamasjon eller vil komplettera innkjøpet ditt. Kanskje kjenner dei deg og veit akkurat kva du er på utkikk etter. Du slepp òg å vera redd for å bli svindla når du handler lokalt.

4. Behald mangfaldet og tilboda der du bur - det gjer oss meir attraktiv

Eit aktivt, lokalt næringsliv med eit breitt tilbod gir staden liv og er ein felles møtestad for oss som innbyggarar. Den vil verka attraktiv både som bustad og turistmål. Viss vi er bevisste forbrukarmakta vår, vil dette gi positive ringverknader i samfunnet.

5. Pengane går tilbake til lokalsamfunnet ditt

Det er ei god kjensle når du veit at du bruker pengane dine hos ei bedrift som betaler skatt til kommunen du bur i. Skatteinntektene til kommunen gir betre føresetnader for å halda oppe god kommunal service, skular og eldreomsorg, og fører såleis til eit betre tilbod til innbyggarane.

6. Bli med og støtt opp om lokale arbeidsplassar

Ved å handla i byen din er du med på å halda oppe arbeidsplassar, og auka moglegheitene for utvidingar og nyetableringer. Å jobba deltid eller få seg ein sommarjobb i ei lokal bedrift kan òg vera ei fin erfaring for ungdom, samtidig som det kan vera ei moglegheit til å komma seg inn på arbeidsmarknaden.

7. Kva bedrifter støttar lokale lag og organisasjonar der du bur?

Frivillige organisasjonar er langt på veg avhengige av støttespelarar for å kunna tilby eit godt idretts- og kulturtilbod. Lokale bedrifter støttar gjerne opp om desse gjennom sponsing og samarbeid, dersom dei har moglegheit til det. Desto meir livskraftig næringsliv, desto betre fritidstilbod til deg og barna dine.

Eit godt alternativ til netthandel er å bruka klikk-og-hent-løysninger som gjer at du kan bestilla på nett og henta ut i lokalbutikken din dagen etter.

Eit godt alternativ til netthandel er å bruka klikk-og-hent-løysninger som gjer at du kan bestilla på nett og henta ut i lokalbutikken din dagen etter.

Relaterte artikler