Hos oss kan du nyte ein smakfull lunsj eller middag, få med deg litt kjapp mat i farta, eller ta ein handlepause med ein god kopp kaffi og eit kakestykke.
Spise på Alti Ørsta
- Bakeriet Westre (bakeri/ kafe/ konditori og take-away)
Herlege bakarvarer og påsmurte baguetter frå eige bakeri. Ta med eller sitt ned og nyt. - Pizzabakeren (Pizzeria)
Vi lovar nybaka pizzabunnar og god smak. Velg sjølv om du vil hente pizzaen i restauranten eller om du vil ha han levert rykande fersk der du er. - Westre Sunn og God (kafe/ restaurant)
Kafé med lunsj, middagsservering og pizza. Eigen barnemeny. Kuleis og smoothie. Dei har også uteservering.
Too Good To Go
Hos Alti Ørsta samarbeider Bunnpris og Narvesen med appen Too Good To Go. Too Good To Go knyt butikkar og spisestadar som har mat til overs saman med folk som har lyst til å redde maten til redusert pris, i såkalla forundringsposer. Les meir om Alti Ørstas Too Good To Go- ordning her.
Lyst på is?
Narvesen og Bakeriet Westre sel herleg softis i beger eller kjeks og med godt utval i strøssel.
Freistar det meir med kuleis, har Narvesen og Westre Sunn og God eit godt utval med smakar.