Er du kreativ, nøyaktig og likar å jobbe med born?
Har du interesse for måling, sminke eller andre kreative uttrykk?
Alti ser etter ein eller to ansiktsmålarar mellom 13-18år,
til tilkallingsoppdrag i samband med kampanjar og arrangement.
Dette er ein perfekt første jobb!
Du treng ikkje ha tidlegare erfaring som ansiktsmålar,
men det er ein fordel om du har sans for detaljar og trivst med å møte menneske.
Det viktigaste er at du er påliteleg, har god arbeidsmoral og møter både born og vaksne med eit smil.
Send ein kort søknad, og legg gjerne ved bilete av arbeid du har gjort tidlegare.
Søknad kan sendast til:
kamilla.lannerholm@alti.no