Sesonghjelp – Kitch’n Ørsta
Elskar du kjøkenutstyr og sal? Kitch’n Ørsta søkjer nye medarbeidarar!
Hos Kitch’n er det sjeldan keisamt. Hos oss får du trivelege kollegaer og varierte arbeidsoppgåver. Likar du å dekkje eit bord? Lage ein ny rett? Teste nye reiskapar? Då kan du passe godt inn i teamet vårt. Vi ønskjer deg som er ein blid og energisk person med interesse for mat og kjøkenutstyr.
Kitch’n Ørsta søkjer etter to dyktige sesongmedarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver. Du må kunne jobbe både dagtid, kveld og helg. Det må reknast med meir arbeid i høgtid og elles ved behov. Stillingane varer til 15. august 2026.
Som butikkseljar i Kitch’n vil du saman med kollegaene dine ha ansvar for at butikken framstår som inspirerande og innbydande. For oss er det viktig å gi kundane ei hyggeleg handleoppleving og god kundeservice.
Nøkkeloppgåver:
• Bidra til å presentere ein spennande og ryddig butikk
• Setje kunden i fokus
• Alltid vere løysingsorientert
• Samarbeide godt med kollegaer og butikksjef
Kvalifikasjonar:
• Erfaring frå butikk er ein stor fordel, og du må like å selje
• Vere fleksibel og kunne stille opp ekstra i travle periodar
• Utadvend og med godt humør
• Flink til å ta ansvar
• God arbeidsmoral og stå-på-vilje
• Sjølvstendig, rask og effektiv
• Kunne ta tunge løft når det trengst
• Ryddig og strukturert
• Beherske norsk munnleg og skriftleg
• Vi oppmodar personar over 18 år til å søkje
Vi tilbyr:
• Ein spennande jobb med kjekke kollegaer
• God opplæring
• Personalrabatt
• Løn etter tariff
Tiltreding: Etter nærare avtale
Søknader blir behandla fortløpande. Send inn søknad og CV så raskt som mogleg.
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med butikksjef Jeanette Goksøyr på e-post:
bs.orsta@kitchn.no