Sesonghjelp søkjast til Nille Ørsta – oktober, november og desember

 

Er du ein sosial person som elskar å yte god service? Har du lyst på ein jobb der du kan vise fram salsevnene dine og hjelpe kundar i butikken? Då har vi den perfekte stillinga for deg! Vi søkjer etter ein butikkseljar som vil vere med på å spreie glede og skape positive kundemøte i butikken vår.

Du vil få mange varierte arbeidsoppgåver, som kundebehandling, påfylling av varer, kassearbeid og litt reinhald innimellom.

Perioden frå oktober og fram til nyttår er den travlaste tida hos Nille, og vi søkjer deg som kan jobbe i denne hektiske og morosame perioden. Talet på arbeidstimar vil variere etter behov. Du må kunne jobbe både på dagtid, kveldar og i helgar.

Vi tilbyr deg god opplæring og eit hyggeleg arbeidsmiljø. Vi ser etter deg som har ei framifrå serviceinnstilling, er blid og pliktoppfyllande og trivst med menneske.

Du må ha fylt 18 år, og du må vere god i norsk, både munnleg og skriftleg.

Er du den vi leitar etter? Då håpar vi at du sender inn søknaden din via søknadsskjemaet som er knytt til annonsen. Vi ber deg òg merke deg at det meste av kommunikasjonen om stillinga vil gå føre seg på e-post, så sjekk innboksen din ofte!

Kontaktperson

Mirlinda Ukaj
Dagleg leiar
97981561
BS081@NILLE.NO