Vi søkjer fleire PIZZABAKARAR til Pizzabakeren Ørsta 🍕
Vi søkjer dyktige kollegaer til å bake og servere rykande fersk pizza til pizzaelskarar i Ørsta. Dette kan vere jobben for deg enten du er student, har eit friår, ønskjer å byte bransje eller berre vil lære noko nytt.
Stillingstittel
Pizzabakar
Oppstart
Etter avtale
Type tilsetjing
Fast, deltid 35 %
Arbeidstid
Skift, dagtid og kveld, alle dagar
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Tal på stillingar
2
Arbeidsstad
Heimekontor ikkje mogleg
Søk på jobben
Søk snarast mogleg
Gå til superrask søknad
Kva vi ser etter
Vi søkjer deg som:
-
Er lærevillig og likar å lage mat
-
Trivst i høgt tempo (det blir ofte travelt hos oss!)
-
Er serviceinnstilt
-
Er venleg, sosial og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Snakkar og forstår norsk godt nok til å kommunisere med kundar og kollegaer
-
Har førarkort klasse B (stor fordel, sidan vi òg tilbyr heimlevering)
Arbeidsoppgåver
Kva gjer ein pizzabakar hos oss?
Hos oss får du vere med på heile prosessen frå baking av botnar til ferdig levert pizza. Arbeidsdagen byr på varierte oppgåver og ei god blanding av tempo, samarbeid og rutinar.
Arbeidsoppgåver inkluderer mellom anna:
-
Baking og klargjering av pizzabotnar
-
Førebuing av saus, råvarer og bretting av pizzaesker
-
Lage pizza og klargjere bestillingar
-
Vaske og halde orden på kjøkenet og rundt omkring i restauranten gjennom heile dagen, inkludert stengerutinar
-
Utkøyring av pizza
-
Kundebehandling, kasse, telefonbestillingar og ved disk (vi har både nettbaserte og manuelle bestillingar)
-
Sal av øl og vin
-
Halde orden i restauranten, rydde og vaske bord (vi bruker ryddevogn)
-
Fylle på varer som er synlege for gjestene/kundane våre
-
Varemottak
-
Anna førefallande arbeid
Vi tilbyr
Kva kan vi tilby?
-
Eit inkluderande og hyggeleg arbeidsmiljø
-
Konkurransedyktige lønsbetingelsar
-
God og strukturert opplæring
-
Pizza til personalpris 🍕
-
Gode utviklingsmoglegheiter – fleire av våre leiarar har starta som deltidstilsette!
Kontaktperson for stillinga
Ann-Kristin Lillestøl
Eigar/Dagleg leiar
orsta@pizzabkaeren.no
Om bedrifta
Pizzabakeren er landets største og raskast veksande takeaway-pizzakjede, med meir enn 200 pizzabakeri rundt om i Noreg. I 2024 serverte vi meir enn 7,5 millionar pizzaer som smakar meir enn dei kostar. Alt takka vere våre fantastiske pizzabakarar, som legg kjærleik og stoltheit i kvar einaste pizza dei lagar.
Ørsta Pizza AS er ei franchisebedrift til Pizzabakeren.
Ørsta Pizza AS er eigd og driven av privatpersonar.
Sektor: Privat
Nettstad: https://pizzabakeren.no/