Søknadsfrist 12.03.2026

Skin Tonic fasaden treng fleir på laget!

Vi søkjer ny medarbeidar til Fasaden frisør & parfymeri AS på ALTI kjøpesenter i Ørsta!
Vi søkjer deg som har lyst på nye utfordringar i verdas beste bransje. 💗

Eine delen av butikken er reint parfymeri med kjende merkevarer innan hudpleie, sminke og parfyme. Vi har òg ei avdeling med undertøy og badetøy i kvalitetsmerke.
Vi søkjer deg som kan meistre begge desse områda.

Vi har òg ein tilsvarande butikk i Ulsteinvik, og det er ønskjeleg at du kan jobbe der òg ved behov. Vi tilbyr ei fast stilling i 80 % med moglegheit for ekstra arbeid både ved behov og i ferieavvikling. Vi ser etter deg som ønskjer ei langsiktig rolle i bransjen, og som har lyst til å utvikle deg vidare saman med oss.

💗 Send oss ein søknad om du er:
    •    Interessert i hudpleie, sminke og parfyme
    •    Villig til å lære om undertøy og BH-tilpassing
    •    Meistrar produktrettleiing tilpassa kundens behov
    •    Positiv, omgjengeleg og utadvend

Du må kunne jobbe både dag, kveld og laurdagar.
Stillinga kan ikkje kombinerast med skulegang.

Søknad og CV sendast til Marianne på e-post:
fasaden@fasaden.no

Søknadsfrist: 12. mars 2026