VI SØKJER NYE MEDARBEIDARAR!
ARBEIDSSTAD:
Skogstad Sport AS – Alti Ørsta
STILLINGAR:
Butikkmedarbeidarar i 20 % og 10 % stilling. Du må ha fylt 18 år.
ARBEIDSTID:
Dag, ettermiddag og laurdag
SØKNADSFRIST:
Snarast
OPPSTART:
Etter avtale
KONTAKTINFORMASJON:
Spørsmål og søknad med CV kan sendast til butikksjef Hege Lily Kristin Svanøy.
E-post: hege@skogstadsport.no
Om oss
Skogstad Sport AS er ein av Noregs leiande leverandørar av sports- og fritidsklede. Bedrifta vart etablert i 1937 i Innvik i Stryn kommune, der hovudkontoret framleis ligg. Vi har òg salskontor og showroom i Oslo.
Vil du bli ein del av teamet vårt?
Vi ser etter to nye butikkmedarbeidarar til butikken vår på Alti Ørsta, éin i 20 % stilling og éin i 10 % stilling.
Vi ønskjer oss deg som har eit smil om munnen, godt humør og stå-på-vilje! Du trivst med å jobbe med menneske og er flink til å møte kundane på ein hyggeleg og imøtekomande måte.
I butikkane våre står kunden alltid i sentrum. Difor blir ei av dei viktigaste oppgåvene dine å skape ei triveleg og positiv handleoppleving for alle som kjem innom. Du vil òg vere ein viktig representant for Skogstad Sport.
Det er ein fordel om du har erfaring frå butikkarbeid, men det er ikkje eit krav. Vi ser etter deg som likar ein variert og aktiv arbeidskvardag, der det til tider kan vere høgt tempo.
Du må kunne jobbe både dagtid, ettermiddag og laurdag. Det er ein fordel om du er fleksibel når det gjeld arbeidstid.
Er du i tillegg initiativrik, løysingsorientert og glad i nye utfordringar?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Send søknad og CV til hege@skogstadsport.no så snart som mogleg.
Vi gler oss til å høyre frå deg!