Vaktmeister Alti Ørsta – tilkalling/ekstrahjelp
Har du sans for praktisk arbeid og trivst med varierte arbeidsoppgåver?
Alti Ørsta søkjer ein omgjengeleg og serviceinnstilt vaktmeister til vårt trivelege driftsteam.
Dine oppgåver
• Bistå til dagleg drift og tilsyn av kjøpesenteret og eigedomane våre
• Enkelt snikkararbeid og tekniske oppgåver
• Varierte vaktmeisteroppgåver som rydding, spyling, strøing og snømåking
• Stillinga er ei tilkallingsordning, og laurdagar og feriar må påregnast.
Kven er du?
• Praktisk anlagt med teknisk forståing
• Løysingsorientert, fleksibel og ikkje redd for å ta i eit tak
• Serviceinnstilt og samarbeidsvillig, med godt humør
• Snakkar og skriv godt norsk
Vi tilbyr
• Ein variert kvardag i eit inkluderande og sosialt miljø
• Opplæring vil bli gitt
• Tur- og aktivitetsdagar
• Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontakt
Vil du vite meir? Ta kontakt med
Inger Sundnes, senterleiar
📞 982 87 838
✉️ inger.sundnes@alti.no
Tilsetjing etter avtale – vi ser fram til å høyre frå deg!