Gode tilbod i butikkane

I løpet av desse tre dagane vil butikkane våre freiste med gode rabattar og kupp på alt frå mote og interiør til elektronikk og fritidsutstyr. Her kan du oppdatere garderoben, fornye heimen eller finne noko nytt og spennande til hausten.

Hausten er tida for kos og inneliv, og kva passar vel betre enn å oppgradere stil, heim eller teknologi til ein god pris?

Møt maskotane Ellie og Timba

Barna har også mykje å glede seg til! Våre populære maskotar, elefanten Ellie og tigeren Timba, kjem på besøk for å helse på små og store.

Her blir det moglegheiter for:

  • Selfies og bilete

  • Klemmar og high fives

  • Latter og god stemning

Ein perfekt aktivitet for familiar som besøker senteret desse dagane. Sjekk programmet som ligg på heimesidene våre for å sjå når maskotane kjem innom oss!

Ver med på stempelkonkurransen

Under heile kampanjen kan du også delta i stempelkonkurransen. Her kan du vere med i trekkinga av eit Altiett-gåvekort verdt kr 3000,-!

Slik fungerer det:

  • Gjer ein handel i tre av butikkane våre

  • Få eit stempel etter kvar handel

  • Når du har samla tre stempel, kan du levere ferdig utfylt stempelkort i svarboksen på senteret

Vips, så er du med i trekkinga av gåvekortet verdt kr 3000,-. Kanskje er det nettopp du som blir den heldige vinnaren!

Stempelkonkurransen varer 15.-17. oktober 2026. Du får ikkje stempel hos Vinmonopolet eller Posten.

3DS Karusell Stempelkort2 NN

Ellie Og Timba 3 Dager

Sesongens trendar

Treng du inspirasjon til kva gåvekortet eller kuppa under salet kan brukast på? Haustens trendar byr på varme fargar, spennande materiale og personlege uttrykk!

Innan mote er det lune lag, strikk, jakker og tilbehøyr som set tonen for sesongen. Burgunder, brunt, grønt og andre djupe haustfargar er fine val når garderoben skal oppdaterast. Kombiner gjerne klassiske plagg med detaljar som gir antrekket eit meir personleg preg.

I interiøret held ønsket om varme, lune og personlege heimar fram. Naturmateriale, treverk, tekstilar og mjuke former bidreg til å skape ein hyggeleg atmosfære. Djupe fargetonar kan kombinerast med beige, brunt og andre naturfargar for eit lunt haustuttrykk.

Hausten er også tida for meir innekos. Kanskje freistar det med ny belysning, ei god kaffimaskin, hovudtelefonar eller noko nytt til heimkosen? Uansett kva som står på ønskelista, er 3 Dagar Sal ein fin anledning til å sjå etter sesongens favorittar til ein ekstra god pris.

Alti Trend Høst Mote Klær

Alti Høst Mote Trend

Vi gler oss til å sjå deg!

Set av datoane og bli med på ei helg fylt med shoppingglede, konkurransar og familieaktivitetar.

Velkommen til 3 Dagar Sal hos oss!