Korleis komme seg hit?

Frå retning Ålesund

Frå retning Ålesund tek du ferga over frå Sulesund til Hareid før du følgjer fylkesveg 61 heilt fram til rundkjøringa og tek av ved første avkjørsel til Ulsteinvik. Ved neste rundkjøring fortsett rett fram på andre avkjørsel. No vil du sjå Quality Hotel Ulstein og Sjøborg på venstre side og du vil sjå skiltet til Blåhuset til høgre. Ta til høgre inn på parkeringsplasssen.

Frå retning Ørsta/Volda

Frå retning Ørsta/Volda tek du av i rundkjøringa mot Ulsteinvik og fylkesveg 653 i Furene. Følg vegen gjennom Eiksundtunellen og ta av i første avkjørsel inn på fylkesveg 61 retning Ulsteinvik ved rundkjøringa i Garneskrysset. Følg fylkesveg 61 eit stykke og ta deretter av ved andre avkjørsel mot Ulsteinvik ved neste rundkjøring. Ved neste rundkjøring fortsett rett fram på andre avkjørsel. No vil du sjå Quality Hotel Ulstein og Sjøborg på venstre side og du vil sjå skiltet til Blåhuset til høgre. Ta til høgre inn på parkeringsplasssen.

Finn oss på Google Maps

Trykk "vis større kart" i banneret for å opne Google Maps i app.

Parkering

Parkering

Hos oss finn du parkeringsplassar både innandørs i parkeringshus og ei mengde parkeringsplassar utanfor senteret vårt. Så du kan gjere shoppinga heilt tørrskodd om du ønskjer det.