Kids Outlet

Åpningstider

  • I dag10:00 - 19:00
  • Mandag10:00 - 19:00
  • Tirsdag10:00 - 19:00
  • Onsdag10:00 - 19:00
  • Torsdag10:00 - 19:00
  • Fredag10:00 - 19:00
  • Laurdag10:00 - 18:00
  • SøndagStengt
Ledige stillinger

Kids Outlet Ulsteinvik søkjer sesonghjelp og ringevikarar

Kids Outlet Ulsteinvik søkjer sesonghjelp og ringevikarar

Kids Outlet er ei heilt ny leiketøykjede utvikla av teamet bak Lekekassen og Sport Outlet. Vi tilbyr kjende merkevarer til låge prisar, og butikkane våre skal vere fulle av energi, leik og magiske kundeopplevingar!

No går vi inn i høgsesongen, og vi treng deg som er serviceinnstilt, fleksibel og klar for å skape ei super handleoppleving for både små og store.

Vi søkjer sesonghjelp fram til 31. desember. Vi har òg behov for fleire ringevikarar som kan jobbe på dagtid på kvardagar.

Vi ser etter deg som:

  • Elskar å jobbe med menneske og yte god service

  • Har masse energi og eit smittande godt humør

  • Er fleksibel og tilgjengeleg for dag-, kvelds- og helgevakter

  • Trivst i eit høgt tempo og likar varierte dagar

  • Er sjølvstendig og likar å få ansvar

  • Er over 18 år

Erfaring frå butikk er eit pluss – men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du er engasjert, samarbeidsvillig og har lyst til å bidra med positiv energi i butikken.

Arbeidsoppgåver:

  • Sal og kundebehandling med fokus på service og smil

  • Varepåfyll og eksponering

  • Bidra til orden og struktur i butikken

  • Delta på kampanjar og aktivitetar

  • Samarbeide godt i team og bidra til god stemning

Vi tilbyr:

  • Ein morosam og variert arbeidskvardag i ei heilt ny butikkjede

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for utvikling i ei nyoppstarta kjede

  • Ein arbeidsplass full av entusiasme

Søk no!

Vi behandlar søknader fortløpande, så ikkje vent!

Send inn søknaden og CV-en din via https://jobb.kidsoutlet.no/

NB: Søknadar som blir sende på e-post, blir ikkje behandla.

Send oss ein personleg søknad og fortel kvifor du ønskjer å jobbe akkurat i Kids Outlet.

📌 Hugs å sjekke søppelposten din – nokre svar frå oss kan hamne der.

 

Kontaktperson:

Martine Bøe

Butikkleiar

ulsteinvik@kidsoutlet.no

Søknadsfrist 25.10.2026

Kontaktinformasjon

Om Kids Outlet på Alti Blåhuset

Heile familien sin favorittbutikk!

Verdskjende merkevarer innan hobby og leiker til låge prisar! Kids Outlet gjer ting annleis og kjøper inn store vareparti direkte frå leverandør. Færre ledd i verdikjeda, betre for miljøet, stooort utval – og ikkje minst: lågare prisar for deg!

Leiker utgjer sjølve grunnmuren i butikkane våre, men frykt ikkje – hos Kids Outlet finst det noko for absolutt alle! Butikkane våre har òg eit heilt rått utval innan hobbyartiklar og «gjer-det-sjølv»-produkt. Du er hjarteleg velkomen innom når du skal starte på ditt neste hobbyprosjekt!

Ei ny hobby- og leiketøykjede med stooort utval til låge prisar!

Kids Outlet ønskjer å gi norske familiar ei morosamare handleoppleving. Blant europallar og låge prisar finn du Kiddy, den gule, pelskledde maskoten vår! Kiddy sørgjer for at låge prisar, stort utval, kreativitet og leik går hand i hand – og byr på ei uformell butikkoppleving som gjer at ein får lyst til å kome tilbake – igjen og igjen!

Pssst – Alle prisane er låge hos Kids Outlet, men hald utkikk etter produkt som den pelskledde maskoten vår har merkt med «Leken pris» – då får du nemleg ekstra mykje leik og glede for pengane!

Velkomen til ein leiken handel!