For deg som skal være innom senteret ei kort stund, for eksempel for å gjere unna daglegvarehandelen eller tak ein kopp kaffi, får best utbytte av våre hurtigladarar. Her vil lading i 5-10 min gi ca. 100 km rekkevidde, mens lading på 20-30 min vil gi ein rekkevidde på ca. 300 km.

Har du derimot planar om å være inne på senteret ein lengre periode, for å sjå deg rundt på dei ulike butikkane eller ete ein bedre middag, anbefalar vi å benytte deg av normalladarar. Her vil 2-3 timar lading gi ca. 100-150 km rekkevidde, mens lading i 6-8 timar vil gi eit fullada batteri hos dei nyaste elbilane.

Alle elbiler, inkludert Tesla Model 3 og Model Y, kan lade hos Alti. Mange av våre sentre kan også by på Chademo- standarden, som gjer det mogleg for dei med Nissan Leaf å lade.

 

Fakta

- Lynladarar kan gi ein ladehastighet opp mot 200 kWh, men få bilar klarar endå å ta imot denne hastigheita – dei fleste nye bilar klarar maksimalt 90 – 150 kW per no. - Utgangspunktet er ein «gjennomsnittleg bil» med ein batteristorleik på 60 kWh, og ein snitt ladehastigheit på 100 kW (mange elbilar ligg i dag på dette nivået; VW ID 3, VW ID 4, Skoda Enyak o.l. Det vil være variasjonar også mellom desse varianartane). - Ladehastigheit og rekkevidde vil variere mellom somar og vinter.

- Forbruk: 1,5 – 2,0 kWh per mil. - Normallading avhengar av bilens ombordladar, som oftast er på 11 kW. - På 3 timar vil bilen da få 33 kWh, som bør gi ein rekkevidde på minst 150 km. - Prognosar tilseier at i 2030 vil det være fleire elbilar enn diesel- og bensinbilar i trafikken i Noreg. - Vi anbefalar appen Bilkraft (finns både i App Store og Google Play). Denne appen har gode tilbakemeldingar frå forbrukarar. Appen inneheld det største, landsdekkande nettverket av lynladarar.