Søknadsfrist 25.10.2026

Kids Outlet Ulsteinvik søkjer sesonghjelp og ringevikarar

Kids Outlet er ei heilt ny leiketøykjede utvikla av teamet bak Lekekassen og Sport Outlet. Vi tilbyr kjende merkevarer til låge prisar, og butikkane våre skal vere fulle av energi, leik og magiske kundeopplevingar!

No går vi inn i høgsesongen, og vi treng deg som er serviceinnstilt, fleksibel og klar for å skape ei super handleoppleving for både små og store.

Vi søkjer sesonghjelp fram til 31. desember. Vi har òg behov for fleire ringevikarar som kan jobbe på dagtid på kvardagar.

Vi ser etter deg som:

  • Elskar å jobbe med menneske og yte god service

  • Har masse energi og eit smittande godt humør

  • Er fleksibel og tilgjengeleg for dag-, kvelds- og helgevakter

  • Trivst i eit høgt tempo og likar varierte dagar

  • Er sjølvstendig og likar å få ansvar

  • Er over 18 år

Erfaring frå butikk er eit pluss – men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du er engasjert, samarbeidsvillig og har lyst til å bidra med positiv energi i butikken.

Arbeidsoppgåver:

  • Sal og kundebehandling med fokus på service og smil

  • Varepåfyll og eksponering

  • Bidra til orden og struktur i butikken

  • Delta på kampanjar og aktivitetar

  • Samarbeide godt i team og bidra til god stemning

Vi tilbyr:

  • Ein morosam og variert arbeidskvardag i ei heilt ny butikkjede

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for utvikling i ei nyoppstarta kjede

  • Ein arbeidsplass full av entusiasme

Søk no!

Vi behandlar søknader fortløpande, så ikkje vent!

Send inn søknaden og CV-en din via https://jobb.kidsoutlet.no/

NB: Søknadar som blir sende på e-post, blir ikkje behandla.

Send oss ein personleg søknad og fortel kvifor du ønskjer å jobbe akkurat i Kids Outlet.

📌 Hugs å sjekke søppelposten din – nokre svar frå oss kan hamne der.

 

Kontaktperson:

Martine Bøe

Butikkleiar

ulsteinvik@kidsoutlet.no