Gode tilbod i butikkane
I løpet av desse tre dagane vil butikkane våre freiste med gode rabattar og kupp på alt frå mote og interiør til elektronikk og fritidsutstyr. Her kan du oppdatere garderoben, fornye heimen eller finne noko nytt og spennande til våren.
Våren er tida for ein frisk start – og kva passar vel betre enn å oppgradere stil, heim eller teknologi til ein god pris?
Møt maskotane Ellie og Timba
Barna har også mykje å glede seg til! Våre populære maskotar, elefanten Ellie og tigeren Timba, kjem på besøk for å helse på små og store.
Her blir det moglegheiter for:
-
Selfies og bilete
-
Klemmar og high fives
-
Latter og god stemning
Ein perfekt aktivitet for familiar som besøker senteret desse dagane. Sjekk programmet som ligg på heimesidene våre for å sjå når maskotane kjem innom oss!
Ver med på stempelkonkurransen
Under heile kampanjen kan du også delta i stempelkonkurransen. Her kan du vere med i trekkinga av eit Altiett-gåvekort verdt kr 3000,-!
Slik fungerer det:
-
Gjer ein handel i tre av butikkane våre
-
Få eit stempel etter kvar handel
-
Når du har samla tre stempel, kan du levere stempelkortet i svarboksen på senteret
Vips, så er du med i trekkinga av gåvekortet verdt kr 3000,-. Kanskje er det nettopp du som blir den heldige vinnaren!
Stempelkonkurransen varer 19.–21. mars 2026.
Sesongens trendar
Treng du inspirasjon til kva gåvekortet – eller kuppa under salet – kan brukast på? Vårens trendar byr på fargar, lettheit og personlege uttrykk!
Innan mote er det pastellfargar, lette materiale og feminine detaljar som pregar trendbiletet. Oversized blazere, denim, sporty element og romantiske kjolar er blant trendane som går igjen denne sesongen.
Fargar som rosa, himmelblå, gult og friske grøntonar gir garderoben eit lett og energisk uttrykk.
I interiørbiletet ser vi ein tydeleg trend mot naturlege materiale, varme jordtonar og organiske former. Treverk, tekstilar og dekor i mjuke former skaper ein lun og personleg atmosfære heime.
Fargar inspirerte av naturen – som sand, terrakotta, grønt og mjuke pastellar – er også populære val denne sesongen.
Smarte produkt til heimen, trådlause høgtalarar og nytt til underhaldning eller heimkos er også populære kjøp når våren kjem og vi oppgraderer kvardagen.
Vi gler oss til å sjå deg!
Set av datoane og bli med på ei helg fylt med shoppingglede, konkurransar og familieaktivitetar.
Velkommen til 3 Dagar Sal hos oss!