DETTE TRENG DU VITE

Det er gratis parkering i tre timar ved nordbygget i parkeringshuset, medan det er ein time gratis ved sørbygget. Viss du skal stå lenger enn dette gjeld ordninga som er omtalt under:

Parkeringa på ALTI Førde har skiltgjenkjenning

Ved skiltgjenkjenning startar og stoppar parkeringa automatisk ved inn- og utkøyring.

1: Når du kjem, treng du ikkje gjere noko

2: Ved avreise kan du velje mellom fleire produkt og tenester

Vår tilrådde løysing er slik:

* Parkering med gyldig app på mobilen din, med eller utan autotrekk. Dette gjer du slik:

Last ned appen APCOA Flow i appstore eller Google Play. Registrer ein profil og velg «autotrekk» i appen. Då vert du trekt automatisk kvar gong utan at du treng å gjere noko meir. Appen kan du bruke innan 48 timar etter utkøyring. No kan du også både registrere og betale med Vipps.

* Parkering med betaling på automat ved avreise.

Viss du ikkje brukar app eller automat ved avreise, så kan du velje «Park & Og». Då treng du ikkje gjere noko på staden. Desse produkta har ein ekstra kostnad. Her kan du velje mellom to produkt:

* «Park & Og Web» innan 48 timar etter utkøyring på www.flow.apcoa.no. Produktet kostar takst pluss fast produktpris.

* «Park & Og» fakturert til den juridiske eigaren av køyretøyet. Produktet kostar takst pluss fast produktpris. I tillegg kjem fakturagebyr.

For brukarar som ikkje kan laste ned appen i norske Appstore/Google Play, så kan nettsida www.flow.apcoa.no nyttast. Du kan anten registrere ein profil eller bruke sida anonymt ved å søke etter registreringsnummer.