Tekst og foto

Stig Roger Eide

Dei to farmasøytane ved Apotek 1 på ALTI Førde ventar no på at vaksinedosene skal komme i hus, og totalt reknar dei med at når dei har fem tilsette som har løyve til å sette vaksine, så vil dei få vaksinert mange utover hausten.

Auka forespurnad

- Vi har registrert at etter korona-pandemien, så har haldningane til vaksinering endra seg. No er mange opptekne av å beskytte både seg sjølv og andre mot sjukdom, og på den måten gjere ein innsats for å førebyggje influensa, seier Solbjørg Steiro Herstad.

Apotek1 ved ALTI Førde starta opp med å vaksinere mot influensa i 2019, og reknar med at minst 600 personar vil ta influensavaksinen ved apoteket på handelssenteret.

- Vi har allereie merka at folk spør etter influensa-vaksine. Men vi vil ikkje gå i gang med vaksinering før 2. oktober. Då skal alt vere på plass. Vi har totalt fem personar her ved Apotek 1 som kan sette vaksinen, så vi skal kunne ta unna ein del i månadane framover mot jul, seier Steiro Herstad og ber folk bestille time på Apotek 1 Førde sine nettsider.

På nettet

- Dessutan er vi fleksible med tanke på å ta drop-in-kundar når det er ledig tid og kapasitet. Styrken vår er at vi har lang opningstid, og er tilgjengeleg der folk gjerne er innom uansett, seier dei to farmasøytane og ser fram til at vaksineringa vil ta til frå 2. oktober av.

På bildet står Tina Kvamme Strand og Solbjørg Steiro Herstad utanfor vaksinerings-lokalet dei har ved Apotek 1 på ALTI Førde. Frå 2. oktober reknar dei med at det blir stor pågang av kundar som vil ta influensa-vaksine.