Tekst: Stig Roger Eide

No håpar vi på senterkontoret at det skal myldre av utstillarar på Storebrua (tidlegare Skywalken) både laurdag 9. og 16. desember. Då skal vi ha Torglaurdag, og vi inviterer interesserte til å ta kontakt.

- Vi har eit ønske om å gje både kundane våre og andre i nærområdet høve til å stille ut sine heimelaga produkt med tanke på desse Torglaurdagane. Det kan til dømes vere kunst, handverk, gåveartiklar, juleprodukt eller liknande. Utnyttar vi plassen godt, så skal vi verkeleg få plass til mange utstillarar på Storebrua, seier Kathrin Stokke og lovar gratis utstillingsplass til interesserte.

Mangfald

- Det einaste kravet vi har er at desse utstillarane ikkje skal vere ein konkurrent til dei eksisterande butikkane. Vi håpar derimot at dette skal skape ein mangfaldig arena, og at det skal dukke opp mange heimelaga produkt som vi til vanleg ikkje ser på senteret, seier Kathrin Stokke og håpar det skal dukke opp minst like mange som sist vi arrangerte Torglaurdag.

Ta kontakt

- Det einaste vi ber om at folk tek kontakt med oss på epost. Så skal vi sjå kva og kven vi skal få plass til. Dette er noko som vi sjølv bestemmer fullt ut. For at vi skal kunne planlegge desse to laurdagane skikkeleg må vi sette tidsfrist for påmelding. Det er 16. november, fortel Kathrin Stokke og fortel at senterkontoret også vil marknadsføre Torglaurdagane på sosiale medier.

- Ta kontakt, og fortel oss kva produkt du har lyst til å selje. La oss saman skape eit handelstorg på Storebrua desse laurdagane, avsluttar marknadskonsulenten.

Send interesse for utstillingsplass til: kathrin.stokke@alti.no