Vil du jobbe på Skogstad?

Vi ser for oss at du trivst med å jobbe med menneske, og at du er flink til å møte kundane på ein hyggeleg måte. I butikkane våre står kunden alltid i fokus. Det viktigaste ansvaret ditt vil derfor vere å skape ei triveleg handleoppleving for alle som besøkjer butikken. Du vil òg spele ei viktig rolle som ansiktet til selskapet utetter. Det er ein fordel om du har erfaring frå butikkarbeid, men det er ikkje eit krav. Vi trur du trivst med ein aktiv arbeidskvardag der det skjer mykje, og der dagane er varierte. Du må ha høve til å jobbe dag, ettermiddag og laurdag. Det er ein fordel om du er fleksibel når det gjeld arbeidstider.

Er du i tillegg flink til å ta initiativ, løysingsorientert og glad i å utfordre deg sjølv? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag.

Vi kallar inn til intervju fortløpande.

 

KONTAKTINFORMASJON:

Spørsmål og søknad med CV skal sendast til butikksjef Bente Kjørslevik på e-post: bente.kjorslevik@skogstadsport.no

Du må ha fylt 18 år og arbeidstida er både dag, ettermiddagar og laurdag. Søknadsfrist er snarast og oppstart er etter avtale. 

 

Om Skogstad Sport

Skogstad Sport AS er ein av dei leiande leverandørane av sports- og fritidsklede i Noreg. Bedrifta vart etablert i 1937 i Innvik i Stryn kommune, der hovudkontoret framleis ligg. Vi har òg eit salskontor og eit showroom i Oslo. Vi har behov for ein butikkmedarbeidar i ei 20 % deltidsstilling i butikken vår på Alti Førde. Vi ønskjer gjerne å kome i kontakt med deg som alltid har eit smil på lur og eit godt driv!