Vil du bli vår nye kollega? 
Vi i Vinmonopolet FØRDE søkjer ein engasjert og serviceinnstilt ekstrahjelp til teamet vårt!
Vi ser etter deg som har ei genuin interesse for mat og drikke, elskar å yte god kundeservice og som trivst i eit hektisk, men triveleg arbeidsmiljø.
Sidan vi sel brennevin, er det eit absolutt krav at du har fylt 20 år.
Har du lyst til å jobbe i Noregs beste faghandel, og kan stille opp på dagtid, i helgar og i høgsesong?
Ta kontakt med påtroppande butikksjef Ann Katrin Olsen på 98604239, eller stikk innom butikken.
Vi gler oss til å høyre frå deg!