Foredraget "Den grenseløse hagen"
Kl. 18:00 på Storebrua (Skywalken)
Foredraget, "Den grenseløse hagen" er basert på boka Skarp i hagen - hage gjennom livet med gjenbruk, bærekraft og deling, frå 2024.
Espen Skarphagen er dessutan kjend frå bloggen Skarpihagen.no og også som dommar i «Sommerhytta» på TV 2.
Foredraget omhandlar heile bredda av kva uterommet inneheld - frå terrassen til heile hagen. Kva kan vi best fylle opp med i hage og uterom?
Eit viktig gjennomgåande prinsipp er å spille på lag med naturen. Når hagen spiller på lag med naturen, vil dette skape eit betre biologisk mangfald.
Korleis gjere smarte planteval, bruke ressursane smart og tenke gjenbruk?
Vi får presentert eit utval gode vekstar som skapar form og struktur i ein hage. Vidare får vi litt om bruk av vatnelement og kva effekt dette har i ein hage.
Han vil også ha fokus på stiklingsformering, deling av plantar. Korleis kan vi best ta vare på det vi dyrkar i bed og krukker. I tillegg vil vi få enkle tips om hagedesign.
Vi lovar ein lærerikt og spenneande kveld med vekt på biologisk mangfold. Målet er å skape eit lettstelt, frodig og innbydande uterom.
Dette blir ein god dose hageinspirasjon - til glede for oss alle.
Velkommen.
Foredrag: «Den grenseløse hagen»
Inngangsbillett 150kr vipps nr: 953606
Foredraget varer i ca. 2 timar (50 min + 20 min pause + 40 min + 10 min spørsmål)
Lita velkomstgåve til alle.
Takk for handelen
Kupong ikke lenger gyldig
Siste gyldighetsdato: