- Det er svært positivt for skriftspråket at store aktørar som Alti og Coop Nordvest tek i bruk språket på digitale flater og arenaer som er viktige for språkbrukarane i kvardagen. Med denne prisen vil vi gi honnør til både den sentrale leiinga i desse bedriftene og den einskilde senterleiaren og butikksjefen der ute som passar på å ta i bruk språket vårt kvar dag, seier styreleiar for Nynorsk kultursentrum, Jan Olav Baarøy.

- Kjøpesentera og butikkane som er knytte til Alti og Coop Nordvest er viktige møteplassar og arenaer vi alle brukar i kvardagen for å løyse små og store oppgåver. At vi som skriv nynorsk får møte språket vårt her, er ikkje berre kjekt for nynorskbrukarane, men bidreg også til å skape større allmenn forståing for språket, slik det heiter i statuttane for prisen, seier direktør Øyehaug Opsvik.

Prisen vert delt ut under opninga av Festspela i Aasentunet torsdag 6. juni.

Alti Nordfjord fasade mot veg

Alti Nordfjord

Alti Ørsta fasade og inngangsparti

Alti Ørsta