- Meir sentralt enn dette er det vel ikkje mogleg å komme. Her har du alt i gangavstand. Butikkar, treningssenter, eteplassar. Alt du treng i det daglege, seier Merete Haugen og viser fram det 1100 kvadratmeter store kontorlokalet.
- I utgangspunktet vil vi helst ha ein større leigetakar her på femte plan i Nynorskhuset. Men vi er sjølvsagt opne for alle løysingar, fortel ho og viser til at det vil vere mogleg å innreie lokala akkurat slik leigetakarane ønsker.
- No har vi berre eit stort areal på toppen av Nynorskhuset som vi gjerne vil leige ut. Her kan du som leigetakar vere med på å forme ditt areal ut frå ditt eige behov, seier ho og viser til at trioen NRK Vestland, Teater Vestland og Mediehuset Firda vil halde til i etasjane under.
Midt i smørauget
- Dette kjem til å vere eit pulserande og aktivt miljø, og det er vel ikkje mogleg å vere meir midt i smørauget i Førde enn akkurat her, seier den nye eigedomssjefen for ALTI Førde, som på si side er ansvarleg på driftssida av Nynorskhuset.
- Det vil vere ei gangbru mellom handelsarealet og Nynorskhuset, og det er mange inn- og utgangar i denne bygningsmassen. På det første plan i Nynorskhuset vil det også komme ein restaurant like ved inngangspartiet. Ein plass som vi trur vil bli veldig populær, seier Haugen.