Alti Forvaltning AS søkjer ein engasjert markedskoordinator til Alti Førde
Vi søkjer deg som vil vere med på spennande tider innan varehandel og merkevarebyggjing i ei sterk veksande senterkjede. Som markedskoordinator får du det daglege ansvaret for
marknadsføringa på Alti Førde, i tett samspel med senterleiar. Den rette person er utadvendt, evner både å motivere og engasjere, er godt kjent med sosiale medier og digital marknadsføring. Markedskoordinator vert tilsett i Alti Forvaltning AS.
Sentrale arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Inspirere, motivere og engasjere mot felles mål
- Ansvarleg for innhald, publisering og senteret sin SoMe strategi
- Bistå senterleiar med utarbeiding av marknadsbudsjett
- Koordinere og skape lokale marknadsaktivitetar/arrangement som skaper trafikk
- Stimulere leigetakarane til tiltak som aukar omsettinga
- Marknadsorientert, ha fokus på planlegging og oppfølgjing av aktivitetar på senteret
- Vurdere medieval i samspel med senterleiar
- Styrke senteret sin posisjon i sosiale medier/digitale kanalar
- Sørge for oppdatering av senteret si heimeside og andre digitale kanalar
- Koordinere utstillingar, kontakt o.l. frå leigetakarar
- Operativt samarbeide med media, reklamebyrå̊ og øvrige samarbeidspartnarar
- Koordinere produksjon av marknadsmateriale
- Ellers utøve generell støtte til senterleiar
Vi søkjer deg som:
- Er utadvendt, og har evne til å motivere og engasjere
- Har relevant høgskuleerfaring eller relevant kunnskap innan marknadsføring og SoMe
- Har god kommunikasjon- og samarbeidsevne
- Er aktiv brukar og har stor interesse for SoMe
- Er kreativ og initiativrik og har evne til å skape entusiasme
- Har interesse for trendar, mote og shopping
- Likar å arbeide i team, men er sjølvgåande og kan jobbe sjølvstendig og systematisk
- Er beslutningsdyktig og har evne til heilskapsvurdering
Stillingen er 80 %, og markedskoordinator rapporterer til senterleiar. Arbeidsstad vil vere ved Alti Førde.
Vi tilbyr:
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg, inkluderande og sosialt miljø
- Fadderordning med opplæring i ulike marknadsoppgåver, rutinar og ulike apper
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Samling for nytilsette ved hovudkontor
- Tur-/aktivitetsdagar
- Løpande medarbeidarundersøkingar
- Fagseminar og større arrangement for tilsette
- Tilgang til feriehusvere i Spania
- Konkurransedyktige vilkår, gode pensjon- og personalforsikringsordningar
Spørsmål om stillingen kan rettas til:
Rolf-Arne Rognaldsen, senterleder, tlf. 954 21 454, eller Tone Tveit, markedsansvarlig, tlf. 957 80 735.
Søknadsfrist 06.09.2026